produktbilde
produktbilde

UTLADALEN OG FJELLA OMKRING

Varenummer: 110119 - Ikke på lager

Kr 210,- Kr 210,- m/mva
Medlemsrabatt: 16.00%
Veil/ikke medlem: Kr 249,- m/mva

Det fire mil lange dalføret mellom Sognefjellet og Årdalsvatnet har eit tjuetals tindar og toppar på over 2000 meter ikring seg. Gjennom dalen renn ruvande elvar. Fossane lagar eit gov som har gjeve heile dalen namn. Og innimellom elvar og bratte fjell er det gode beiteområde og delvis frodig skog. Dei som ferdast her, må ikkje vere prega av høgdeskrekk. Etappane mellom overnattingsplassane er dryge. Sjå godt på kartet før du legg i veg! Fjellet mellom Luster og Årdal er rikt på minne frå tidligare generasjonar. På same tid er det også eit fjellområde som stadig fleire brukar til friluftsliv og rekreasjon. I større grad enn kva som gjeld for dei fleste utmarksområda i landet vårt, har Utladalen og fjella omkring blitt påverka av samfunnsendringane i etterkrigsåra. Denne boka er ikkje i første rekke retta inn på samfunnskritikk, men prøver heller legge fram fakta ut frå tekst og bilete. Sa får den som blar i boka, sjølv gjere seg opp ei meining om korleis vi har teke vare på den del av arven vår som er knytt til dette fjellområdet.

Størrelse: