produktbilde
produktbilde

OPPTUR JOTUNHEIMEN NORSK

Varenummer: 110024 - På lager
Kr 360,- Kr 360,- m/mva
Medlemsrabatt: 10.00%
Veil/ikke medlem: Kr 398,- m/mva

OPPTUR JOTUNHEIMEN tek deg med på ei unik reise gjennom 125 turar kring om i heile Jotunheimen. Dei dekkjer området frå Vangsmjøse i sør, Sognefjellet i vest, Vågåvatnet i nord til Valdresflya i aust. Jotunheimen er det største og høgste samanhengande fjellområdet i Noreg og byr på ein fantastisk naturrikdom. Her finn du alt frå tilrettelagde ruter med mange turgåarar til ruter i urørd natur. Turtekstane er fyldige, og alle rutene i boka er teikna inn på flyfoto, saman med namna i området. Alt dette gjev deg god oversikt og informasjon om turane og det du kan oppleve undervegs. Boka inneheld eit vidt spekter av turar både for nybegynnarar og vidarekomne. Her er toppturar, turar mellom hyttene og korte turar. Desse er fine dersom du ønskjer ein pause på bilturen over ein av dei mange fjellovergangane.

Størrelse: