I braksuksessen og bestseljaren frå 2021 Bortom allfarveg tok den kjende reiseeksperten Gunnar Garfors oss med på ei eventyrleg oppdagingsferd i heile Noreg. I denne oppfølgjaren reiser vi til Vestlandet for å leite etter spennande og ukjende opplevingar i særklasse.
Vestlandet er meir enn Bergen, Preikestolen og smale fjordar. Det kryr av spektakulær og urørt natur, vakker arkitektur, særeigne overnattingsstader og restaurantar som serverer mat og drikke i verdsklasse. Men sjølv vestlendingen har mykje å oppdage i eigen landsdel, for mykje av det Noregs kanskje mest reiseglade forfattar inviterer oss med på er ein godt bevart løyndom for dei fleste.
Dei siste åra har vi fått opp auga for vårt eige land, og det er mykje som tyder på at trenden er varig. Ja, vi kjem til å reise til utlandet igjen, men kanskje meir på langturar, medan vi for kortare turar truleg vil velje det nære. Ved å bytte ut helgeturar til London, Paris og New York med turar til Ulvik, Solvorn eller Bremanger kuttar vi ikkje berre utslepp – opplevingane kan absolutt ta opp konkurransen med det vi er vande til utanskjærs.
Om forfattaren
Gunnar Garfors (f. 1975) er ein verdskjend globetrottar frå Naustdal der han vaks opp som den eldste i ein søskjenflokk på sju. Reiseverksemda hans inkluderer ei rekkje verdsrekordar, og han har vore intervjua og omtalt av media i over 100 land.
Vinteren 2018 vart sunnfjordingen den første personen som har besøkt alle verdas 198 land to gonger. Opphaveleg er Garfors journalist, med utdanning frå Falmouth i Storbritannia og Oslo. Når han ikkje skriv eller reiser, jobbar han som rådgjevar for NRK i Oslo. Garfors skriv òg om reise for The Guardian og er kjend for reisepodkasten Globusrulett.