Om forfattaren
Sigrid Henjum (f. 1983) er ei patriotisk sognajenta, som har reist verda rundt. Matlaginga har ho plukka opp gjennom jobb som kokk på hotell og luksuslodge. Ho har guida på ski både i Nordvestpassasjen og over Grønlandsisen, og på hesteryggen i Mongolia. Godt plassert i kajakken, har ho padla rundt Sør-Georgia og Nordaustlandet (Svalbard). Lista er lang. Livet er i endring – Sigrid har no landa på eit småbruk med familie, dyr og grønsaker i Sogndal.
Turane er kortare og nærmare enn før. Ho har lært mykje, og fått ny erfaring sidan førre bok, Et ute, som kom ut i 2016. Boka vart ein suksess, med over 6000 selde eksemplar – til no. Et meir ute gir deg over 100 nye oppskrifter og tips til god turmat.